Kort fortalt

Dæhlie fekk nei i Volda

Får ikkje bygge nytt rettslokale.

23.08.2022
Ein klage frå Bjørn Dæhlie og selskapet Sisa Invest førte ikkje fram, og den tidlegare skikongen får dermed ikkje bygge eit nytt bygg for utleige til nytt rettslokale i Volda, ifølgje Sunnmørsposten.

Domstoladministrasjonen (DA) valde den andre tilbydaren, Tømrer Eigedom, som i staden vil bygge om lokalet der Europris-butikken held til i dag. DA held på si beslutning og konkurransen er no avslutta, skriv avisa.

Publisert: 23.08.2022 19:32

Sist oppdatert: 23.08.2022 19:33

Mer om