Kort fortalt

Dæhlie vil bygge ny tingrett

Har kontakta Volda kommune.

01.03.2022

Tidlegare skikonge Bjørn Dæhlie vil bygge lokale for ny tingrett i Volda, melder Møre-Nytt.

Investoren har sendt brev til kommunen der han fortel at han vil kjøpe ei tomt bak samfunnshuset, der det tidlegare var barnehage, og vere med i konkurransen kringnye lokalar for tingretten.

Det er selskapet Sisa Invest som i tilfelle vil kjøpe tomta, og Dæhlie skriv at det hastar med ei avgjerd fordi det er frist 21. mars for å levere inn tilbod om kjøp av tomta.

Publisert: 01.03.2022 09:24

Sist oppdatert: 01.03.2022 09:25

Mer om