Kort fortalt

Dømt etter hacking mot selskap

Mor og dotter dømt i svindelsak.

26.01.2022

Ei kvinne i 40-åra frå Sunnmøre er dømd til fengsel for grovt heleri og mora er dømt til fengsel på vilkår i ei svindelsak mot selskapet Rottefella, ifølgje Sunnmørsposten.

Bakgrunnen er at Rottefella gjorde innbetalingar til eit selskap som var utsett for hacking. Det er ikkje kjent kven som stod bak dataangrepet, men kvinna frå Sunnmøre fekk kort tid etterpå inn 450.000 kroner på kontoen.

Retten trudde ikkje på forklaringa hennar om at det skal ha vore tilbakebetaling av eit lån, og dømde ho til fengsel i fem månader. Mora er dømt til 90 dagars fengsel på vilkår for heleri av pengane, ifølgje avisa.

Publisert: 26.01.2022 09:27

Sist oppdatert: 26.01.2022 09:28

Mer om