Kort fortalt

Dømt for underslag frå bedrift

Må betale bot og få inndragd midlar.

14.03.2022

Ein mann frå Hareidlandet er dømt til å betale bot på 10.000 kroner og få inndrege nær 80.000 kroner, melder Vikebladet.

Mannen var tiltalt for underslag etter at han hadde overført pengar frå eit firma han var dagleg leiar for, til ein personleg konto. I tillegg til bota blei han dømt til fengsel på vilkår i 20 dagar med ei prøvetid på to år, ifølgje dommen frå Møre og Romsdal tingrett.

Publisert: 14.03.2022 16:22

Sist oppdatert: 14.03.2022 16:23

Mer om