Kort fortalt

– EØS-forhandlingane snart i mål

Tautrekkinga kan vere over.

27.11.2023

(NPK-NTB – Bibiana Piene): Tautrekkinga om EØS-midlane kan vere over. Ein ny avtale kan komme på plass innan utgangen av veka, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

– Det blir ei opptrapping av støtta, men kor stor ho blir, er det vel to ulike syn på, seier Eide til NTB.

I den siste sjuårsperioden (2016 til 2021) har EØS-landa Noreg, Island og Liechtenstein betalt i alt 2,8 milliardar euro, godt og vel 32 milliardar kroner, til 15 utvalde EU-land. Det aller meste, 97 prosent, står Noreg for.

EØS-bidraget skal bidra til å jamne ut økonomiske og sosiale forskjellar i EU.

Tautrekkinga om kor stort bidraget skal vere dei neste sju åra, har gått føre seg i snart halvtanna år.

EU har kravd ein stor auke, medan Noreg på si side har påpeika at ulikskapen mellom EU-land har vorte mindre. Sidan hensikta dermed delvis er oppnådd, er det behov for mindre og ikkje meir pengar, har vore blant dei norske argumenta.

Gjennombrotet kom måndag førre veke, då Eide møtte EU-kommissær Maros Sefcovic, som er øvste ansvarlege for EØS på EU-sida. Då vart dei to samde om å lande ein avtale innan utgangen av november, eller med andre ord innan fredag.

– Det var ein god samtale, seier Eide

EU vurderer no eit tilbod frå Noreg. Skulle EU vende tommelen ned, er det uansett semje om å føre vidare støtta på dagens nivå når avtalen går ut i april, justert for inflasjon.

Forhandlingane om kor stort bidraget skal vere, har vore kopla til spørsmålet om marknadstilgangen for norsk sjømat i EU.

Noreg har lenge vore svært misfornøgd med det kompliserte tollregelverket som EU praktiserer overfor norsk sjømat, medan det for andre land, som Canada, nærast ikkje finst tollbarrierar.

– I det siste tilbodet ligg det ei forventning om betra marknadstilgang, seier Eide.

Publisert: 27.11.2023 22:38

Sist oppdatert: 27.11.2023 22:38

Mer om