Kort fortalt

Ei rekkje kanselleringar for Widerøe

Avgangar til Ørsta og Ålesund er råka.

27.03.2023

(NPK-NTB): Ni avgangar og innkomstar med Widerøe på Flesland i Bergen vart kansellerte måndag morgon.

– Dette er ein tøff, tøff start på veka, seier kommunikasjonssjef Catharina Solli i Widerøe til Bergensavisen.

Kanselleringane gjeld avgangar til eller frå Kristiansund, Stavanger, Florø, Ålesund, Ørsta/Volda og Sogndal.

Sjekk flytrafikken til Ålesund og Ørsta (ekstern lenke)

Årsaka til kanselleringane er tekniske problem med eitt fly, medan eit anna vart ståande i Ørsta søndag kveld på grunn av vêrproblem.

– Vi er sjølvsagt lei oss for at dette skjer måndag morgon. Vi beklagar at passasjerane blir ramma på denne måten, seier ho.

Ramma passasjerar blir booka om til ein seinare avgang eller til eit anna flyselskap, opplyser Solli.

(©NPK)

Publisert: 27.03.2023 08:53

Sist oppdatert: 27.03.2023 08:53

Mer om