Kort fortalt

Ei ferje mellom Hellesylt og Geiranger

Reiarlaget The Fjords startar i mai.

NPK
02.03.2021

(NPK): Reiarlaget The Fjords startar opp turistferja Veøy mellom Hellesylt og Geiranger 1. mai, og held fram til 1. oktober.

I år er det berre ferja «Veøy» som skal gå mellom Hellesylt og Geiranger, medan søsterskipet «Bolsøy» torsdag denne veka set kursen sørover mot Sogn, fortel John Vonli, dagleg leiar i The Fjords, til Sunnmørsposten.

Til vanleg går det to ferjer på denne ruta i høgsesongen, men i fjor gjekk det berre ein båt, og det blir det òg denne sesongen.

– Eg håper på ei lita betring i forhold til i fjor. Eg er redd det framleis blir stengde grenser, og at det derfor ikkje kjem nokon turistar frå utlandet. Vi får sjå korleis smittesituasjonen utviklar seg, seier Vonli til avisa.

(©NPK)

Publisert: 02.03.2021 11:53

Sist oppdatert: 02.03.2021 11:55

Mer om