Kort fortalt

Ein av fem i pengeknipe

Greier ikkje å dekkje ekstra kostnadar.

13.02.2023

NPK-NTB: I ei undersøking svarer 21 prosent at dei ikkje har økonomi til å dekkje dei auka kostnadene i samfunnet.

Undersøkinga er gjort av Ipsos for Frelsesarmeen. Andelen som seier dei sjølv eller husstanden ikkje kan dekkje auka kostnader er den same som i ei tilsvarande undersøking i november, sjølv om sosialhjelp og fleire andre ytingar har vorte auka ekstraordinært.

– I tillegg til auka matprisar har endå ein renteauke dukka opp i nettbanken til folk, og på grunn av inflasjonen blir det spådd fleire rentehevingar. Dette kjem på toppen av auka prisar på det meste i samfunnet no og rammar hardt dei som allereie slit, seier assisterande sosialsjef Elin Herikstad i Frelsesarmeen i ei pressemelding.

Undersøkinga var retta mot eit representativt utval av den norske befolkninga over 18 år. Den vart gjennomført i Ipsos' web-panel i veke 4 og 5 i 2023 og datagrunnlaget består av 1106 respondentar.

Publisert: 13.02.2023 11:54

Sist oppdatert: 13.02.2023 16:35

Mer om