Kort fortalt

Ein av fire planlegg fjelltur

Mange vil gå på T-merka stiar.

22.06.2022

Ein av fire nordmenn seier dei planlegg å gå på ein T-merka sti i løpet av sommaren, viser ei fersk spørjeundersøking.

Laurdag opnar Den Norske Turistforening (DNT) dei betente hyttene sine for sesongen og står klar til å ta imot ferieklare nordmenn. I ei undersøking Opinion gjorde for DNT , allereie før problema i flytrafikken starta, svarte ein av fire at dei planlegg å gå på eit T-merka sti i løpet av sommaren. Ein T-sti er ein DNT-sti, der nokre av vardane er merkte med ein raud T.

DNT har over 550 hytter, som både vertskap og frivillige har jobba for å gjere klare til sommarsesongen. Nokre av hyttene har allereie opna, men dei fleste opnar til helga.

– Vi har trua på ein knallsommar for norsk reiseliv. Endeleg kan vi ønskje gjester velkommen utan restriksjonar, og folk kan gå frå hytte til hytte utan atterhald og bekymringar, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i DNT.

I undersøkinga svarte tre av fire at dei planlegg å gjennomføre ferietid i Noreg i sommar. Halvparten svarer at miljøaspektet påverkar ferievalet.

– Sjølvsagt er Noreg populært, som ferieland har vi så mykje å by på! Ein reiser kort, det er noko for alle – anten ein vil gå frå hytte til hytte, bu fast på ei hytte og ta livet med ro, eller prøve ein ny aktivitet i sommar, seier DNTs generalsekretær.

Publisert: 22.06.2022 11:41

Sist oppdatert: 22.06.2022 11:42

Mer om