NPK: 24 prosent nordmenn skal ta vinterferie i år. Mange reiser til utlandet, men det viktigaste uansett reisemål er tid med familie og venner, syner ei undersøking.
41 prosent av dei som tek vinterferie, reiser til utlandet. 33 prosent skal på hytte i Noreg, skriv Virke Reiseliv i ei pressemelding.
Av dei over 60 år reiser over halvparten til utlandet, og Spania er den store favorittdestinasjonen for dei som ynskjer sol og varme i vinterferien, viser undersøkinga Virke Reiseliv har fått utført av Opinion/Norstat.
20 prosent av dei som skal ta seg vinterferie, skal vere heime.
– Mange vel å vere turist i eigen by og tek i bruk kultur- og opplevingstilboda som finst, seier Astrid Bergmål, leiar i Virke Reiseliv.
Å vere saman med familie og venner er det viktigaste for dei som skal ha ferie, men å vere aktiv og dyrke interesser er også eit viktig formål med ferien.

Publisert: 14.02.2019 11:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36