Kort fortalt

Ein halv prosent kutt i klimagassar

– Ikkje bra nok, seier klima- og miljøministeren.

08.06.2023

(NPK-NTB): Utslepp av klimagassar i Noreg fall i fjor med 0,5 prosent frå året før. Førebelse tal viser at utsleppa av klimagassar i Noreg i 2022 var på 48,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar, skriv Statistisk sentralbyrå.

– Eg er glad for at utsleppa har vorte noko redusert trass i dette, men talet er likevel ikkje bra nok Espen Barth Eide (Ap).

Dei fleste hovudkjeldene til klimagassutslepp hadde ein svak nedgang i 2022. Eitt av unntaka er kjelda oppvarming i andre næringar og hushald, som auka med 12 prosent frå året før.

Noreg har sett som mål å kutte klimagassutsleppa med minst 55 prosent frå 1990-nivå innan 2030, saman med EU.

– Regjeringa har sett eit ambisiøst klimamål for 2030. Dette kan ikkje nåast av éin sektor åleine, men av innsats på alle område, seier Eide.

Samanlikna med 1990 viser dei førebelse tala for 2022 ein nedgang i klimagassutslepp på 4,7 prosent.

– Pandemien viste at vi som samfunn kan få til store endringar på kort tid. Vi må mobilisere den same handlekrafta no for å få utsleppa ned. Dette krev ein kollektiv dugnad, og som ein velståande og avansert industrinasjon, må Noreg ta sin rettmessige del av denne jobben, seier klima- og miljøministeren.

Publisert: 08.06.2023 12:07

Sist oppdatert: 08.06.2023 12:07

Mer om