Kort fortalt

Eingongsplast forboden til sommaren

Trer i kraft 3. juli.

11.03.2021

(NPK-NTB): Forbodet mot fleire produkt av eingongsplast trer i kraft 3. juli i år.

Regjeringa innfører forbodet som følgje av eit EU-direktiv, og forbodet har vore venta lenge.

– Mange produsentar og importørar har derfor allereie byrja å fase ut dei produkta som blir forbodne frå 3. juli, skriv Klima- og miljødepartementet i ei pressemelding torsdag.

Produkta som blir omfatta av forbodet, er bestikk, tallerkenar, sugerøyr, ballongpinnar, rørepinnar og bomullspinnar i plast. Enkelte medisinske produkt blir unnatekne. Av isopor blir forboden matbehaldarar, drikkebeger og drikkevareemballasje.

Forbodet kan medføre at bruken av dei forbodne plastartiklane årleg blir reduserte med 1,9 milliardar einingar, eller 3.600 tonn, skriv departementet.

(©NPK)

Publisert: 11.03.2021 22:56

Sist oppdatert: 11.03.2021 22:58

Mer om