(NPK-NTB): Etter at Noregs Bank sette ned styringsrenta med 0,25 prosentpoeng, følgjer bankane etter. Men eksisterande kundar må vente til august. Det reagerer fleire på.
Noregs Bank trassa forventningane og sette torsdag ned styringsrenta til 4,25 prosent. Samtidig varsla dei at ho kan bli ytterlegare sett ned før utgangen av året.
Bankane var ikkje seine med å varsle at dei følgjer opp med å setje bustadlånsrentene sine ned tilsvarande.
Det gjeld mellom anna både storbankane DNB og Nordea, og dessutan Sparebank 1, OBOS-banken, Bulder og Penni frå Eika. Alle varslar at bustadlånsrenta blir sett ned, og nokon set også ned renta på innskot.
Likevel er det berre nye kundar som får nyte godt av lågare renter no, medan eksisterande kundar hos dei fleste bankane må vente i to månader før dei får nyte godt av rentenedsetjinga.
Dette reagerer fleire på. Både statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og Sp-leiar og tidlegare finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har gått ut og bede bankane setje ned rentene også for eksisterande kundar umiddelbart.
Bankane meiner likevel at dei følgjer ordinær praksis med ein varslingsfrist på to månader, men møter motbør frå fleire ekspertar. Konklusjonane frå ekspertane er krystallklare: Byt bank, så får du lågare rente med ein gong!
Forbrukarøkonom Hallgeir Kvadsheim seier til E24 at bankane heilt fint kan setje ned utlånsrenta i morgon.
– Eg synest dei kunne vore mykje raskare. For det første veit ein jo at mange slit med høge renter. Dei har ikkje noko moralsk ansvar, dei skal tene pengar. Må dei vere så kjipe? spør han.
Marknadssjef Sindre Noss i selskapet Renteradar er samd.
– Det kundane kan merke seg, er at rentene for nye kundar gjerne blir kutta med ein gong. Så dette kan vere ei glimrande moglegheit til å byte bank om du meiner du har for høg rente. Då kan du faktisk få rentekuttet i morgon, seier han.
Også Forbrukarrådet meiner dette er ei god moglegheit til å byte bank.
– Set banken din seg på bakbeina, flyttar du berre lånet over til ein annan bank. Ganske enkelt og veldig lønnsamt, seier Guro Sollien Eriksrud, fagsjef for forbrukarøkonomi i Forbrukarrådet.
(©NPK)
Publisert: 20.06.2025 10:20
Sist oppdatert: 20.06.2025 10:20





