Nortwest Seafood foto Nortwest Seafood
SJØMATENGROS: Sykkylven-selskapet har bilar som køyrer til dei store byane og leverer fisk til kundar over heile landet. Foto: Nortwest Seafood
Kort fortalt

Eksplosiv vekst for sjømatbedrift

Har fleirdobla inntektene på eitt år.

14.04.2025

Sjømatselskapet Northwest Seafood i Sykkylven hadde eit år med eksplosiv vekst i 2024, ifølgje lokalavisa Nyss

Selskapet som driv engroshandel med fisk, skaldyr og blautdyr omsette for nær 22 millionar i fjor, ei auke frå knappa 2,8 millionar året før. 

Fjoråret baud også på svært og lønnsemd med eit resultat før skatt på 3,5 millionar (sjå tabell under). 

– Vi har dyktige, dedikerte og lojale tilsette. Arbeidet som blir lagt ned er av kvalitet, høg fart og volum. Samanlikna med 2024 har vi hatt ein god vekst i første kvartal i år, fortel Hans Fredrik Klokk til avisa. 

Han er dagleg leiar, styreleiar og eigar av selskapet som hadde sine første inntekter i 2023. 

Northwest Seafood AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt222,8
Driftsresultat3,50,6
Resultat før skatt3,50,6

Publisert: 14.04.2025 11:03

Sist oppdatert: 14.04.2025 11:03

Mer om