Kort fortalt

Eksplosjonsarta brann ved settefiskanlegg

Frykta tank skulle gå i lufta.

11.02.2025

Ingen blei skadd, men brannvesenet brukte fleire timar på å få kontroll på ein brann ved eit settefiskanlegg i Haram tysdag. 

Fleire tilsette og eit par bustadhus blei evakuerte etter at brannen i Vestrefjorden ble meldt ved ut 11.30-tida, ifølgje Sunnmørsposten

Det skal ikkje ha vore fare for spreiing av brannen, men ei periode var det frykt for at ein tank på staden skulle eksplodere. 

Dagleg leiar Ove Gjelstenli ved settefiskanlegget fortel til avisa at brannen var eksplosjonsarta. 

Han seier at dei var inne i bygget kort tid i forvegen, før dei brått såg det kom røyk ut frå bygninga som husar fôrlageret til bedrifta.

Publisert: 11.02.2025 15:27

Sist oppdatert: 11.02.2025 16:05

Mer om