Eksport: Norsk sjømat betre kjent enn olja
For sjølv om olje og gass er Noregs viktigaste eksportprodukt, etterfølgd av sjømat, er det sistnemnde som er mest kjent i Japan og Sør-Korea, ifølgje Sjømatrådet.
Det viser undersøkingar der japanarar og sørkoreanarar vart spurde om assosiasjonane sine til ei rekkje land.
I Sør-Korea er laks det dei fleste knyter til Noreg (21 prosent), etterfølgd av makrell (12 prosent). Til saman 39 prosent av dei spurde oppgir ei eller anna form for sjømat eller fisk. Naturfenomen som snø, kulde og kaldt hav er også høgt på lista.
I Japan svarte 35 prosent av dei spurde også sjømat, og spesielt laks, som det dei assosierer mest med Noreg. Ingen svarte olje, men omtrent halvparten nemnde natur, fjordar, midnattssol, snø og kulde.
Dei to undersøkingane er gjort av Ipsos, på bestilling frå Team Norway i Japan og Sør-Korea. Team Norway består av dei norske ambassadane, og dei lokale kontora til Innovasjon Noreg og Sjømatrådet i Tokyo og Seoul.
Formålet med undersøkingane er å betre marknadsarbeidet til norske bedrifter i dei to landa.
(©NPK)
Publisert: 19.08.2022 11:18
Sist oppdatert: 19.08.2022 11:19