Kort fortalt
Eksportprisen for laks auka kraftig
Til gjengjeld gjekk volumet ned.
22.02.2023
(NPK-NTB): I veke 7 auka eksportprisen på laks med 10,6 prosent samanlikna med veka før. Det vart til gjengjeld eksportert litt mindre.
Ein kilo fersk laks på eksportmarknaden kosta 103,22 kroner i veke 7, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).
Eksportkvantumet enda på 14.851 tonn, 2,7 prosent mindre enn veka før. For frosen laks var prisen 89,70 kroner kiloen, og det vart eksportert 415 tonn.
(©NPK)
Publisert: 22.02.2023 09:18
Sist oppdatert: 22.02.2023 09:19