Kort fortalt

Eksportvegen blir ikkje utbetra no

NHO Møre og Romsdal-direktøren reagerer.

19.01.2022

Nye Veier la onsdag fram sju vegprosjekt dei legg ut for anbodskonkurranse – og E136 gjennom Romsdalen var ikkje mellom dei.

Det får regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal til å reagere.

– Å utsetje utbetringa kan ikkje godtakast, seier han til NRK Møre og Romsdal.

Saman med LO, Møre og Romsdal fylkeskommune og regionråda har NHO sendt eit brev til Nye Veier der dei krev byggestart i år for E136-strekninga frå Vestnes til grensa Innlandet fylket.

Publisert: 19.01.2022 09:21

Sist oppdatert: 19.01.2022 09:24

Mer om