Kort fortalt

Ektepar møter sparebank i retten

Meiner dei fekk låne for mykje.

01.09.2022

Eit ektepar frå Molde har gått til sak mot Sparebank 1 SMN, og krever at delar av lånet deira blir sletta, eventuelt at dei får erstatning.

NRK Møre og Romsdal følgjer rettssaka som starta i Møre og Romsdal tingrett torsdag.

Paret har ei gjeld på over sju millionar kroner,og fryktar at dei blir gjeldsslavar resten av livet. Lånet er tolv gonger høgare enn inntekta til paret.

– Banken burde aldri gitt dei desse låna i lys av inntekta og gjelda til ekteparet. Det synest eg er uansvarleg, seier advokaten deira, Ingvild Slettebø, til kanalen.

Banken avviser kravet og sa i retten torsdag at det er opp til den enkelte å vurdere om dei bør ta opp lån. Ho viste óg til at ekteparet er høgt utdanna og at banken også to gonger frårådde ekteparet å ta opp lån.

Publisert: 01.09.2022 14:24

Sist oppdatert: 02.09.2022 16:38

Mer om