Kort fortalt

Elbil framleis sisteval i distrikta

Ladestasjonsmangel og rekkeviddeangst.

25.02.2021

Elbilar er i fleirtal når det gjeld selde nybilar i landet. Men i distrikta er situasjonen annleis. Der er elbil framleis sisteval.

I klimameldinga skriv regjeringa at elbil skal bli eit naturleg val for norske bilistar. Men i ei kartlegging gjort av Adresseavisen viser det seg at det er langt igjen i distrikta.

Faktisk er det under 5 prosent elbilar i personbilparken i 26 av 38 trønderske kommunar, sjølv om elbildelen er det dobbelte i Trøndelag totalt sett, skriv avisa.

Også i dei andre fylka i landet er det distriktsbilistane som dreg ned elbildelen, viser utrekningar av elbildelar for dei minste kommunane i kvart fylke.

Skepsis til elbilar i kaldt klima og for få ladestasjonar som gir bekymring om rekkjevidda, er hovudårsakene.

MDG ønskjer at regjeringa legg ein detaljert plan for korleis det skal kunne bli nok hurtigladarar i landet. Og SV meiner det hastar med å utvide ladekapasiteten.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) er skeptisk til å lage nokon plan, men seier at han uansett trur at elbildelen vil auke framover – òg i distrikta.

– Ja, det trur eg. Fordi det er den vegen utviklinga går, seier Rotevatn.

(©NPK)

Publisert: 25.02.2021 08:15

Sist oppdatert: 25.02.2021 08:16