Kort fortalt

Elektrifisering på etterskot

Hordaland når ikkje eigen tidsfrist.

18.11.2019
NPK: Hordaland fylke har vedteke at alle ferjene skal vere elektriske innan 2020. Men sju av dei 17 ferjesambanda vil ikkje vere klare for eldrift ved årsskiftet.
Årsaka til forseinkinga skal vere ferdigstilling frå nettselskapa og manglande ladestruktur, skriv
Direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø, seier det ikkje vil påverke tilbodet til kunden.
– Akkurat desse forseinkingane ser vi på som mindre forseinkingar og dei vil heller ikkje påverke tilbodet til kunden, seier ho.
Retningslinene i kontrakten gjer at det ikkje vil bli miljøsanksjonar første halvåret av 2020, men målet er likevel å ha alt klart i starten av det nye året.

Publisert: 18.11.2019 12:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31