Kort fortalt

- Elektrisk lakselusgjerde fungerer

Det viser ny forsking.

NPK
26.04.2022

Eit elektrisk gjerde held laksen frisk, men vi kjem aldri til å finne den endelege løysinga mot lakselus, meiner forskaren Johan Fredrik Dahle.

Dahle er sjef for Harbor, eit selskap i Stavanger som har gjennomført eit eige forskingsprosjekt for å stanse lakselusa. Lakselus flyt rundt i sjøen som ein flytande snøstorm. Millionar av larvar driv med straumen til dei finn ny laks å feste seg til, seier han.

Dahle meiner at når larvane kjem med straumen, så kan dei stansast med straum.

– VI jobbar med svakstraum og set opp eit elektromagnetisk felt rundt merda. Det gjer at lakseluslarven blir påverka, og han greier ikkje å feste seg på laksen, seier Dahle til Forskning.no.

Straumgjerda i vatnet klarer ikkje å ta livet av ferdigutvikla lakselus. Larvane er derimot så små at det er mogleg å påverke dei.

Gjerda hindrar ikkje berre larvane som kjem drivande inn i merdane i år feste seg til laksen. Dei reduserer også talet på lakseluslarvar som driv ut av merdane, og såleis er dei også til hjelp for villaksen.

– Det viktigaste er at vi lèt fisken vere i fred. Det er veldig mange tiltak mot lakselus, men så godt som alle er krevjande med tanke på dyrevelferd. Dei fører til høg dødsrate og høge kostnader, seier forskaren.

Han fortel at straumgjerdet på utsida av oppdrettsmerdane er eit førebyggjande tiltak som ikkje forstyrrar oppdrettet og som lèt fisken vere i fred. Han minner også om at det alltid vil vere lus.

– Vi ser det også der vi kjempar mot bakteriar, virus, amøbar eller parasittar. Vi greier ikkje å utrydde dei. Det vi må gjere, er å halde dei på eit nivå som er kontrollerbart, seier Johan Fredrik Dahle.

Publisert: 26.04.2022 11:58

Sist oppdatert: 26.04.2022 11:59

Mer om