Oppdrettsnæringa på Vestlandet ville blitt kraftig nedbygd om framlegga regjeringa kom med i Havbruksmeldinga i vår hadde blitt innført. Samtidig er det usikkert om ei nedbygging hadde gitt ein miljøgevinst.
Det meiner Mons Alfred Paulsen, leiar for sjømatavdelinga hos advokatfirmaet Thommesen. Tysdag var han ein av innleiarane på Fiskeri og Havbrukskonferansen på Raudeberg ved Måløy.
Der kom han med ei klar oppmoding: Både bransjen og andre aktørar må engasjere seg i arbeidet med utgreiingane Stortinget har bedt regjeringa om for å skaffe eit betre faktagrunnlag for kva tiltak som må til for å redusere negative miljøpåverknadar frå oppdrett.
Passivitet kan føre til nye dårleg funderte og skadelege tiltak for oppdrettsnæringa, advarar han.
Les også
Vil endre reglane for mengda laks
– Min innfallsvinkel i dette er at for å ta gode beslutningar, så må vi ha gjort eit godt forarbeid. Viss vi har eit godt saksgrunnlag så kan vi ta dei rette avgjerdene, seier han,
I stortingsmeldinga foreslo regjeringa å endre reglane for korleis mengda laks som kan stå i sjøen skal regulerast.
I staden for at selskapa har ein maksimal biomasse - eit tak på mengda laks - skal laksemengda regulerast ut frå kor mykje lakselus som er i sjøen.
Trafikklys-ordninga står - inntil vidare
At regjeringa i praksis fekk stortingsmeldinga i retur betyr samstundes at den såkalla trafikklys-ordninga blir ståande inntil vidare.
Den ordninga betyr at oppdrettarane får redusert kor mykje fisk dei har i anlegga sine, dersom det er for mykje lakselus i sjøen. Lakselus er ein liten krepseart som snyltar på laksen og kan utløse sjukdom.
Med oppdrettsnæringa har lakselusa fått fleire vertar å snylte på. Dermed blir dei fleire - noko som mellom anna går ut over vill laks og sjøaure.
Trafikklysordninga har ikkje gitt effekten ein håpa på, og er eit døme på tiltak som er innført utan eit godt nok faktagrunnlag, etter Paulsen si vurdering.
No vil han i det minste fryse dagens ordning inntil vidare og ikkje gjennomføre ytterlegare reduksjonar i kor mykje oppdrettane får produserer.
Publisert: 28.10.2025 14:57
Sist oppdatert: 28.10.2025 15:52






