Kort fortalt

Elleve nye smitta i Ålesund

Krevjande smittesporing.

11.08.2021

Ålesund kommune melder om elleve nye tilfelle av korona siste døgn. Smittesporingsarbeidet blir beskrive som krevjande.

Fire av dei smitta er nærkontaktar og var i karantene, medan for ytterlegare tre er smittevegen kjend. Ein har fått påvist smitte etter innreise frå eit grønt land, medan tre tilfelle har ukjend smittekjelde.

Kommunen oppmodar gjester ved Brooklyn pub 7. august til å teste seg. Dei ber folk som har symptom og har vore der den aktuelle datoen, om å gå i karantene.

Publisert: 11.08.2021 13:16

Sist oppdatert: 11.08.2021 13:17

Mer om