Kort fortalt

Endring i reiseråd for Norden

UD gir unntak.

21.05.2021

(NPK-NTB): Island og enkelte sjukehusdistrikt i Finland går frå raudt til gult nivå og Utanriksdepartementet gir dermed unntak frå reiserådet til desse områda.

Endringa trer i kraft ved midnatt natt til måndag 24. mai. og gjeld Island og dei finske sjukehusdistrikta Länsi-Pohja, Norra Österbotten, Södra Karelen og Åland.

Det skjer på bakgrunn av Folkehelseinstituttets vekevise vurdering av smittesituasjonen, opplyser Utanriksdepartementet.

Det globale reiserådet er forlengt til 1. juli.

(©NPK)

Publisert: 21.05.2021 13:50

Sist oppdatert: 21.05.2021 13:50

Mer om