NPK: Fiskeriminister Harald T. Nesvik har gitt Sildelaget løyve til å bruke ein ekstra båt i loddetoktet i Barentshavet som startar 28. februar.
– Lodda er ein nøkkelart i Barentshavet. Me treng meir kunnskap. Difor ønsker eg å styrkje loddetoktet, i tråd med ønsket til næringa, seier fiskeriministeren i ei pressemelding.
Før helga søkte Norges Sildesalgslag om å få bruke inndregne middel til ein ekstra leitebåt i tokta i år. Nærings- og fiskeridepartementet har innvilga denne søknaden, og no kan Sildelaget bruke opptil 1,2 millionar kroner til å finansiere ein ekstra båt.
Lodda er viktig i økosystemet, og det er mange artar som et denne fisken, blant anna gjer torsken det. Det blei ikkje opna for loddefiske i 2019 på grunn av at bestanden var låg og på grunn av den viktige posisjonen lodda har i økosystemet.

Publisert: 26.02.2019 11:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35