Kort fortalt

Energibruken gjekk ned i fjor

Varmt vêr og pandemi førte til mindre energibruk.

21.06.2021

Energibruken i Noreg gjekk ned 3,6 prosent i fjor, samanlikna med året før. Årsaka har samanheng med koronarestriksjonar og varmt vêr, ifølgje SSB.

2020 var det varmaste året som nokosinne er registrert, med 2,4 grader over gjennomsnittet, noko som førte til nedgang i behov for energibruk til oppvarming, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

Som følgje av pandemien gjekk dessutan bruttonasjonalproduktet for Fastlands-Noreg ned rundt 2,5 prosent frå året før. Dette er truleg den største nedgangen sidan andre verdskrigen.

Dette påverka òg energibruken viser SSBs statistikk over produksjon og forbruk i energi.

For hushald var det ein nedgang i forbruk av elektrisitet og fjernvarme, med høvesvis 4 og 5 prosent frå 2019 til 2020.

Innan tenesteytande var det ein nedgang i energibruken på rundt 8 prosent frå året før. Nedgangen har samanheng med varmt vêr i tillegg til nedstengingar og avgrensa drift som følgje av pandemien i fjor.

Elektrisitet og fjernvarme, som står for 85 prosent av forbruket innan tenesteyting, gjekk ned med vel 6 prosent totalt sett frå året før.

Publisert: 21.06.2021 09:30

Sist oppdatert: 21.06.2021 09:31

Mer om