Kort fortalt

Enklare med telefonsal-stopp

Ny oversikt frå Forbrukartilsynet.

20.11.2019
NPK: Forbrukartilsynet har laga ei oversikt over kor ein kan vende seg for å reservere seg mot telefonsal frå næringsdrivande og andre organisasjonar.
Mange opplever stadig å bli ringt opp av telefonseljarar trass i at dei har reservert seg hos Reservasjonsregisteret. Det er 2,2 millionar som har reservert seg mot denne typen oppringingar, men for å hindre alle slike oppringingar må ein reservere seg direkte med organisasjonen.
– For å unngå å verte ringt opp må ein reservere seg direkte hos den ein har eit kunde- eller gjevarforhold til. Det kan ein for eksempel gjere via telefon, e-post eller via heimesidene, seier Frode Elton Haug, som er juridisk direktør i Forbrukartilsynet.
Du kan finne lista over organisasjonar på Forbrukartilsynet sine . Der kan du òg finne ei standardtekst du kan sende til dei aktuelle organisasjonane.

Publisert: 20.11.2019 15:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31