Pigghå er ein raudlista art, men bestanden ser ut til å vere aukande. Det skaper problem for fiskarar, som stadig får fleire pigghå i garna sine. Nyleg fekk ein fiskar over 800 kilo på 20 garn.
– Få den ut av raudlista og la oss få hauste av den så vi får drrive fiske vidare og ikkje bli sendt til lands igjen med garna våre, seier kystfiskar Atle Geir Teige på Sunnmøre til Fiskeribladet.
Nyleg fekk han 818 kilo pigghå på 20 garn då han eigentleg skulle fiske etter lysing.
– Det er enormt med hå der eg fiskar sør for Svinøy nær Stad. Eg høyrer om tilsvarande problem frå Bud og nordover. Det er vi som driv kystnært som får problemet i garna, seier Teige.
Den raudlista fisken gjer at han berre kan fiskast som bifangst der det maksimalt kan vere ti prosent av fangsten på sjarken på eit halvår.
– Eg fiskar normalt 30 tonn på eit halvt år. Det betyr at eg berre kan ta tre tonn pigghå i halvåret før eg risikerer å få inndratt fangstverdiane. Valet om slutte å fiske er jo ikkje til å unngå, seier Teige.
Det er sett av forskingspengar med varsel om eit pigghåtokt av Havforskingsinstituttet i år. I tillegg er Måløy vidaregåande skule engasjert i pigghåforskinga.
– Resultat frå forskinga som først kan komme til nytte om mange år om pigghå i det heile kjem ut av raudlista, er ikkje noko som hjelper dagens fiskarar med pigghåproblemet, seier Teige.
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen seier han forstår frustrasjonen hos kystfiskarane, men at han i slike saker er avhengig av å støtte seg på råd frå kunnskapsinstitusjonane.
Publisert: 09.07.2021 16:02
Sist oppdatert: 09.07.2021 16:03