Kort fortalt

Equinor aukar gasseksporten

Skal selje meir til Europa.

20.09.2021

(NPK-NTB): Framover skal Equinor produsere langt meir gass frå Oseberg- og Troll-felta. Slik skal dei auke forsyninga til den stramme europeiske gassmarknaden.

Til saman aukar produksjonsløyva for desse felta med éin milliard kubikkmeter kvar frå og med 1. oktober, skriv Equinor i ei pressemelding.

– I Equinor gjer vi det vi kan for å auke gasseksporten frå våre felt på norsk sokkel, og produksjonsløyva gjer det mogleg for oss å auke produksjonen gjennom hausten og vinteren frå desse to viktige felta. Dette kjem på eit godt tidspunkt der den europeiske marknaden for gass er uvanleg stramt, seier direktør for gass- og krafthandel i Equinor, Helge Haugane.

Dermed skal Osebergs løyve auke til 6 milliardar kubikkmeter og Trolls auke til 37 milliardar kubikkmeter.

(©NPK)

Publisert: 20.09.2021 15:46

Sist oppdatert: 20.09.2021 15:48

Mer om