(NPK-NTB): Oljeselskapet Equinor har vedteke å bruka i overkant av 21 milliardar kroner på oljefeltet Fram Sør i Nordsjøen. Planlagd produksjonsstart er i slutten av 2029.
– Ettersom vertsplattforma Troll C blir drifta med kraft frå land, vil produksjonen ha svært låge utslepp, seier Geir Tungesvik, konserndirektør for prosjekt, boring og anskaffingar i Equinor, i ei pressemelding.
– Prosjektet sikrar aktivitet for norsk leverandørindustri, med ein estimert sysselsetjingseffekt på 4500 årsverk i utbyggingsperioden, legg han til.
Utbygginga, som er ei samling av fleire funn, vil eksportera olje og gass via Troll C-plattforma. Fram Sør er ein del av Fram-feltet, som er ei undervassutbygging som er kopla mot Trollfeltet.
– Me har jobba grundig for å modna dei nye ressursane som er funne i Fram- og Troll-området dei seinare åra. Fram Sør viser betydninga av områdeløysingar og tett samarbeid mellom partnarar og styresmakter for å realisera ressursverdiane på ein moden norsk sokkel, seier Kjetil Hove, konserndirektør for norsk sokkel i Equinor.
Utvinnbare volum er rekna til 116 millionar fat oljeekvivalentar, og cirka 75 prosent er olje og 25 prosent er gass. Prosjektet har ein estimert CO2-intensitet på om lag 0,5 kilo CO2 per fat oljeekvivalent, mykje lågare enn gjennomsnittet for norsk sokkel på 8 kilo, ifølgje Equinor.
Torsdag overleverte Equinor planen for utbygging og drift (PUD) for prosjektet til energiminister Terje Aasland (Ap). Dette er den første planen for utbygging og drift innan olje og gass som han har teke imot i år.
– Det er gledeleg at rettshavarane har vedteke å vidareutvikla Fram-området. Dette er eit godt døme på kor viktig eksisterande infrastruktur er. Ved å knyta funna til Troll C-plattforma har selskapa funne ei god og lønnsam utbyggingsløysing, som vil bidra med store verdiar til fellesskapen, seier Aasland.
Equinor Energy AS er operatør fór fram Sør (45 prosent). Dei andre rettshavarane er Vår Energi (40 prosent) og INPEX Idemitsu (15 prosent).
(©NPK)
Publisert: 26.06.2025 15:57
Sist oppdatert: 26.06.2025 16:01






