Kort fortalt

Equinor med rekordresultat

04.05.2022
(NPK-NTB-Alexander Vestrum): Equinor fekk eit justert driftsresultat på 18 milliardar dollar, tilsvarande nær 170 milliardar kroner, i første kvartal. Aldri før har resultat vore så godt.

Kvartalet var prega av invasjonen av Ukraina, som påverka allereie stramme energimarknader og gav auka råvareprisar og svingingar, ifølgje selskapet.


– Invasjonen av Ukraina står som ein mørk augneblink for Europa, og våre tankar går til alle som lid under konsekvensane av den brutale krigen, seier konsernsjef Anders Opedal.

– Etter å ha hatt verksemd i Russland i tre tiår, rekna vi situasjonen som uforsvarleg og vedtok raskt å stoppe nye investeringar i landet og starte prosessen med å trekkje oss ut av Equinors russiske joint ventures. Uttrekkinga frå Russland påverkar våre tilsette og fører til nedskrivingar av eigedelane våre i landet i dette kvartalet, seier han.

Nedskrivinga er på godt og vel éin milliard dollar.

– Med ei energikrise i Europa er Equinors viktigaste prioritering å sikre pålitelege og tryggje leveransar, seier konsernsjef Opedal.

Han viser til at selskapet har gassproduksjon for å levere meir. Mellom anna er naturgassanlegget på Melkøya i Hammerfest i rute til oppstart 17. mai. LNG-anlegget vart stengd på grunn av ein stor brann i september 2020.

Ifølgje Dagens Næringsliv var det justerte resultatet for fornybardelen i Equinor minus ti millionar kroner i årets første kvartal. Den delen av selskapet er prega av at ei rekkje nye prosjekt, som på austkysten av USA og i Skottland, enno ikkje er komne i drift.

Analytikarane hadde spådd eit resultat på 17,1 milliardar dollar, ifølgje såkalla konsensustal som selskapet sjølv har henta inn.

Styret har vedteke å utbetale eit kontantutbytte på 0,20 dollar per aksje, og dessutan å halde fram det ekstraordinære kontantutbyttet på ein like stor sum per aksje.

Publisert: 04.05.2022 09:43

Sist oppdatert: 04.05.2022 09:44

Mer om