Kort fortalt

Equinor med årets største oljefunn

Nytt funn på norsk sokkel.

24.03.2021

(NPK-NTB): Equinor har gjort årets hittil største oljefunn på norsk sokkel, nær Fram-feltet. Funnet er berekna til 75 til 120 millionar fat utvinnbare oljeekvivalentar.

Funnet er gjort om lag 3 kilometer sørvest for Fram-feltet, opplyser Equinor.

Partnarar er Vår Energi, Idemitsu Petroleum og Neptune Energy.

– Med funn i fire av fire prospekt i Fram-området det siste halvtanna året har vi påvist volum som samla vil gi betydeleg verdiskaping til fellesskapet, seier Nick Ashton, Equinors leitedirektør for norsk sokkel.

Equinor opplyser at kvaliteten på ressursane og nærleiken til eksisterande infrastruktur sørgjer for at funna kan utviklast og produserast i tråd med Equinors klimamål.

Ambisjonen er å redusere klimagassutsleppa frå eigenopererte felt og landanlegg i Noreg med 40 prosent innan 2030 samanlikna med 2018.

(©NPK)

Publisert: 24.03.2021 09:52

Sist oppdatert: 24.03.2021 09:52

Mer om