Kort fortalt

Equinor sel seg ut av Ekofisk

Sel seg også ned i Martin Linge.

10.05.2022

Equinor vil selje seg heilt ut av Ekofisk-området og sel ein del i Martin Linge på 19 prosent til norskleia Sval Energi for 1 milliard dollar i kontantar.

Begge oljeselskapa sende ut pressemelding om transaksjonen tysdag morgon. Equinor går no heilt ut av Ekofisk-området, det første oljefeltet som opna i Noreg i 1969, og i tillegg får Sval Energi ein andel på 19 prosent i Martin Linge-feltet som opna i 2021.

– Avtalen omfattar eit kontantvederlag på USD 1 milliardar, og ein vilkårsbunden betalingsstruktur som er knytt til realiserte olje- og gassprisar for begge eigedelar for 2022 og 2023, skriv Equinor i pressemeldinga.

Avtalen omfattar også Equinors eigarandel i oljeleidningen Norpipe Oil som går frå Ekofisk.

Det norskkontrollerte Sval Energy vil med denne avtalen auke den daglege produksjonen sin med 30.000 fat olje, til planlagde 100.000 fat 2023. Dette er det sjuande oppkjøpet sidan starten i 2019.

– Ekofisk-området er eit område der Equinor har avgrensa deltaking. Vi har derfor vedteke å selje posisjonen vår i området i ein periode med høge prisar, og for å omdirigere kapital til andre kjerneområde for verksemda, seier direktør for utforsking og produksjon sør på norsk sokkel, Rune Nedregaard, i Equinor.

Sluttføring av avtalen føreset godkjenningar frå styresmakter og partnarskap, og er venta å vere gjennomført i andre halvdel av 2022, skriv Equinor.

Publisert: 10.05.2022 09:46

Sist oppdatert: 10.05.2022 09:47

Mer om