NPK-NTB: Equinor har inngått partnarskap med irsk energileverandør for å bygge havvindmøller i Irland. Målet er å finne passande område å bygge havvindparkar.
For Equinor og ESB er det eit mål å utvikle store havvindprosjekt som kan realiserast innan utgangen av 2030, melder
– Vi ser fram til å jobbe saman med ESB med å identifisere moglege havvindprosjekt, seier pressetalsmann Eskil Eriksen i Equinor til TU.
Irland har ein bratt sokkel og blir derfor rekna som meir eigna for flytande havvind enn botnfaste konstruksjonar. Flytande konstruksjonar er likevel dyrare og meir komplekse å bygge.
Equinor fekk i august 2,3 milliardar kroner i statsstøtte. Pengane skal gå til Equinors prestisjeprosjekt med å bygge 11 flytande havvindmøller i Nordsjøen, det såkalla Hywind Tampen.
Equinor jobbar hardt med å få ned kostnaden på flytande havvind. Der anlegget i Skottland leverer til ein energikostnad på rundt 200 euro per megawattime (MWh), vil Hywind Tampen kunne byggast til halve kostnaden.
Equinor har som mål å bringe kostnaden for flytande havvind ned på 40 til 60 euro per MWh innan 2030.

Publisert: 28.11.2019 13:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31