Kort fortalt

Erna Solberg: – Må tenkje meir «worst case»

Statsministeren ser behov for endringar.

14.04.2021

(NPK-NTB) Statsminister Erna Solberg (H) seier ein framover må førebu seg på verst mogleg utfall når beredskapsplanane skal gjennomgåast.

Onsdag leverte koronakommisjonen sin rapport om korleis styresmaktene har handtert pandemien. Dei meiner det var ein alvorleg svikt i korleis regjeringa hadde førebudd seg på ein mogleg pandemi.

– Det planverket vi hadde for pandemi var basert på dei erfaringane vi hadde frå svineinfluensaen, basert på dei erfaringane av tiltaka vi hadde gjort tidlegare, seier Solberg til NTB.

– Men det må vi lære av i framtida: Vi må tenkje meir «worst case» i alle scenarioa. Ikkje berre den pandemien vi trur kjem, men den verste pandemien vi kan sjå for oss, seier statsministeren.

Ho meiner framleis at ho tok den rette avgjerda 12. mars i fjor om å stengje ned Noreg.

– Ja. Og det gir kommisjonen støtte for, seier Solberg.

På spørsmål om kvar ho ser størst behov for å gjere endringar i framtida, svarer Solberg smittevernutstyr, beredskap og det å gjennomgå konsekvensane.

– Og å ha eit planverk på beredskapssida der vi planlegg meir for «worst case», ikkje berre det mest sannsynlege scenarioet.

(©NPK)

Publisert: 14.04.2021 15:37

Sist oppdatert: 14.04.2021 16:00

Mer om