Kort fortalt

Ervik takkar for hjelp etter forlis

Ni funne omkome etter at fiskebåt gjekk ned.

Marius Rosbach
29.07.2024

Ervik Havfiske takkar alle som har vore involvert i redningsaksjonen etter forliset av Argos Georgia.

– Vi er uendeleg takksame for alle som har bistått mannskap og selskap i denne tragiske hendinga, skriv Ervik Havfiske på si Facebook-side.

Dei skriv vidare at dei delar sorga med alle som har mista eit kjørt familiemedlem, ein kollega og ein ven.

Det var måndag førre veke at linebåten Argos Georgia meldte at dei var i naud og forliste i Atlanterhavet utanfor Falklandsøyane.

14 overlevande blei brakt til land etter ein krevjande redningsaksjon. Ni er stadfesta omkome og fire er framleis sakna av mannskapet på 27 personar.

Publisert: 29.07.2024 08:18

Sist oppdatert: 29.07.2024 08:18

Mer om