Kort fortalt

Et meir kjøtt og mindre fisk

Færre følgjer kostholdsråda.

08.12.2022

(NPK-NTB): Tilliten til kostråda er høg, kjennskapen til dei enkelte råda er god, men vi følgjer dei fleste råda i mindre grad enn før.

Forbruk av korn, fisk og grønsaker i Noreg gjekk ned frå 2020 til 2021. Samtidig auka vi forbruket av matvarer vi burde kutta på, som kjøtt og sukker.

Helsedirektoratets årlege rapport om utviklinga i norsk kosthald viser at befolkninga åt heile 6 prosent meir kjøtt i 2021 samanlikna med 2020. For fisk og sjømat har det vore ein nedgang over tid, og forbruket er no lågare enn i 2015.

– Tala for 2021 er prega av endå eit annleisår med pandemi, noko som antakeleg blir reflektert i forbruket for både 2020 og 2021, seier Linda Granlund, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.

Tala viser at det ikkje er kunnskapsmangel som gjer at vi ikkje er flinkare til å følgje kostråda frå styresmaktene. Tilliten til kostråda er nemleg høg, og kjennskapen til kostråda er god. Folk kjenner til nøkkelholmerking og har god tillit til ordninga. Likevel er det mange som ikkje rettar seg etter råda.

(©NPK)

Publisert: 08.12.2022 12:43

Sist oppdatert: 08.12.2022 12:44

Mer om