Etterforskar framleis Hurtigruten
Politiet ikkje ferdig med smitteutbrotet.
Det seier etterforskingsleiaren til politiet Lisa-Mari Ellingsen tiliTromsø.
Måndag var ho i møte med statsadvokaten for å drøfte om det skal gjennomførast vidare etterforskingssteg i saka.
Ifølgje Ellingsen har etterforskinga vore komplisert og vanskeleg, og før sommaren ønskte statsadvokaten i Troms og Finnmark at saka skulle etterforskast meir.
Hurtigrutens ekspedisjonsskip MS Roald Amundsen hadde koronasmitte om bord då det la til kai i Tromsø i juli i fjor. I etterkant har det komme fram opplysningar om at leiinga i Hurtigruten skal ha mistenkt at det var smitte om bord, men at det ikkje vart gitt varsel til styresmaktene i Tromsø.
Meir enn 60 personar var smitta av covid-19, og nesten 70 kommunar vart i ettertid ramma av smitteutbrotet.
Hurtigruta er mistenkt for å ha brote føresegna i straffelova om smitteoverføring, og dessutan for brot av covid-19-forskrifta om karanteneplikt i smittevernlova, i samband med smitteutbrotet på MS Roald Amundsen.
Leiinga i Hurtigruten har erkjent rutinesvikt i etterkant av hendinga, men nektar for at det er gjort noko straffbart.
Etterforskinga er no inne i sitt andre år. Ifølgje Ellingsen er det ikkje avklart når det eventuelt skal takast ei avgjerd om den vidare prosessen i saka.
i september i fjor melde NTB at etterforskinga av saka var i sluttfasen. Då sa dåverande førstestatsadvokat Lars Fause at han håpa etterforskinga ville vere avslutta innan ein månads tid.
(©NPK)
Publisert: 16.11.2021 07:58
Sist oppdatert: 16.11.2021 08:00