Kort fortalt

Etterlyser fôrrevolusjon i oppdrett

Maten utgjer tre firedelar av klimafotavtrykket.

NPK
25.08.2023

(NPK): Det er relativt berekraftig å produsere oppdrettslaks. Men for å kunne auke lakseproduksjonen må det til ein fôrrevolusjon, meiner Sintef-forskarar.

Det kjem fram i ein kronikk på Gemini.no skrive av forskarane Karl Andreas Almås og Ida Grong Aursand.

Fem millionar tonn laks frå norske merdar i 2050 har vorte ein nasjonal ambisjon. For at dette skal gå må mellom anna lus, rømming og utslepp eliminerast. Men den største flaskehalsen er fôret, meiner Sintef-forskarane.

I dag blir to tredelar av fôrråvarene til norsk laks henta sør for ekvator. Under ti prosent av råvarene er norske. Berre ein halv prosent er «nye» råvarer som insektmjøl og mikroalgar.

Grunna den utrygge verdssituasjonen kan ikkje vekstambisjonen baserast på ein fôrtilgang med så lange verdikjeder som no.

I tillegg står dagens fôr for heile 75 prosent av klimafotavtrykket til norsk laks. Skal bransjen gå innunder EUs klassifiseringssystem for berekraftige økonomiske aktivitetar, må han ha det grønaste fôret som går an å få tak i.

(©NPK)

Publisert: 25.08.2023 11:52

Sist oppdatert: 25.08.2023 11:52

Mer om