Kort fortalt

Etterlyser meir lam

Nortura: Over 20 prosent nedgang i lam til slakt

NPK
04.10.2022

Norske bønder har ikkje levert like store mengder lammekjøt som tidlegare. Det merkar slaktehusa når fårikålsesongen er i gang.

– Tala viser at me ligg under prognosert mengd. Etterslepet aukar litt veke for veke. Me er litt i stuss over kva som er årsaka, seier Finn Avdem, fagsjef for småfe i Nortura til Nationen.

Denne sesongen er det slakta 23 prosent færre lam enn på same tid i fjor. Det like i forkant av høgsesongen for lammekjøt.

– Det er viktig at me får inn lam no som fårikålsesongen står for tur. Me treng òg lam for å laga pinnekjøt. Om det er mogleg for bønder å levera lamma no, er det veldig bra for oss. Me håpar det vil ta seg opp raskt.

Samanlikna med fjorårets statistikk for veke 36 har det blitt slakta 33.000 færre lam enn til same tid i fjor. Dette er ein nedgang på om lag 23 prosent. Avdem trur grunnen til problemet kan ligga i dårleg vêr og beite.

– Nokre stader i landet har beiteforhold gjort at lamma ikkje er slaktemodne når dei kjem ned frå fjellet. Dermed må dei sluttfôrast før dei blir sende til slakt.

Bransjeorganisasjonen Animalia sit på tal frå alle slakteria i landet. Dei viser at Nortura ikkje er åleine. Nasjonalt ligg nedgangen på 17 prosent og nærmare 46.000 færre lam til slakt per veke 36.

Størst er nedgangen i region vest som strekker seg frå Rogaland til Sogn og Fjordane.

Publisert: 04.10.2022 11:56

Sist oppdatert: 04.10.2022 11:57