EU vil etterforske norske fiskeriselskap
Mistnker svindel med tollfrie kvotar.
(NPK-NTB). EU vil etterforske norske fiskeriselskap for mogleg svindel med tollfrie kvotar.
Det er EUs korrupsjonsorgan, Olaf, som skal gjennomføre etterforskinga, skriv Fiskeribladet.
Bakgrunnen er at norske selskap sidan starten av Russlands krig mot Ukraina har kjøpt torsk frå Russland. Fisken er deretter omarbeidd i Noreg og eksportert tollfritt inn i EU.
Importørar i EU må derimot betale 13 prosent toll på all russisk fisk. Det er dette toll-holet EUs kontrollorgan vil sjekke om norske selskap utnyttar. Så langt i år har norske selskap kjøpt over 7000 tonn russartorsk, skriv avisa.
– Russisk fisk kan ikkje importerast tollfritt til EU, og oppgåva vår blir å undersøkje mogleg svindel med produktopphav, skriv pressetalsperson Zuzana Harvanova i Olaf i ein e-post til Fiskeribladet.
Kristin Alnes, fagsjef industri og handel i Sjømat Norge, meiner dei norske bedriftene forheld seg til lovleg praksis.
– Dette er fullt lovleg handel. Vi ser likevel at stadig fleire bedrifter avstår frå å handle med varer av russisk opphav, men dette handlar om bedriftene sine eigne vurderingar av korleis dei ønskjer å forhalde seg til handel med Russland, seier ho.
(©NPK)
Publisert: 01.07.2024 14:23
Sist oppdatert: 01.07.2024 14:23