Juli vart ei botnnotering for talet på nye bensin- og dieselbilar på norske vegar. Men elbilsalet går som varmt brød.
– Vi ser starten på slutten for nye bensin- og dieselbilar. No må det bli større fart på ladeutbygginga, seier kommunikasjonssjef Camilla Ryste i NAF.
I juli vart det berre selt 439 dieselbilar og 451 bensinbilar i Noreg, som er det lågaste salstalet i nyare tid. For fire år sidan var salet sju gonger så høgt.
Det signaliserer at den norske bilparken er i endring. For trass i ein dårleg månad for diesel- og bensinbilar, vart det selt 6.731 nye elbilar i juli.
– Det finst framleis langt fleire bensin- og dieselbilar på norske vegar enn elbilar. Men når nesten to av tre nye bilar er heilelektriske så betyr det at bilparken blir elektrifisert i eit tempo som få trudde var mogleg for få år sidan, seier Ryste.
Publisert: 03.08.2021 19:14
Sist oppdatert: 03.08.2021 19:15