Kort fortalt

Færre gardar

Fleire driv med kjøttproduksjon

19.10.2021

Det har vorte 17 prosent færre jordbruksbedrifter dei siste ti åra. Berre innan kjøttproduksjon på storfe har det vorte fleire bedrifter i perioden.

Talet på årsverk i landbruket vart kutta frå nesten 90.000 i 1990 til snautt 57.000 ti år seinare. I 2020 har arbeidsinnsatsen vorte ytterlegare redusert med 12 prosent til 50.043 årsverk, opplyser Statistisk sentralbyrå.

Endelege tal for 2020 viser at det var 38.713 jordbruksbedrifter i drift, medan det i 2010 var 46.624 gardsbruk i drift. Bønder som dreiv med både mjølke- og kjøttproduksjon, opplevde størst nedgang med 71 prosent.

Blant dei som dreiv rein kjøttproduksjon med storfe, var det ein oppgang frå 4.106 gardsbruk til 4.264 i tiårsperioden.

Publisert: 19.10.2021 10:58

Sist oppdatert: 19.10.2021 10:59