rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Færre konkursar i Møre og Romsdal

Bilpleiefirma med to tilsette blei del av statistikken denne veka.

Marius Rosbach
01.03.2024

I løpet av dei to første månadene i 2024 er det opna 37 konkursar i Møre og Romsdal.

Det er ein nedgang frå 45 konkursopningar i same periode i fjor. I prosent er nedgangen på kring 18 prosent.

Denne veka vart bilpleiefirmaet Lid Bil i Ålesund ein del av statistikken etter å ha meldt oppbod til Møre og Romsdal tingrett.

Selskapet hadde to tilsette som er sagt opp. Gjelda er på kring 300.000 kroner og det er anslått verdiar i buet for kring 50.000 kroner, ifølgje rettspapira. Selskapet med adresse i Breivika omsette for 3,7 millionar kroner i 2022, som er det siste offentlege rekneskapen.

NETT NO omtala i februar at eitt av tre selskap som var gått konkurs på det tidspunktet, tilhøyrde bygg- og anleggsbransjen. r

Publisert: 01.03.2024 11:52

Sist oppdatert: 01.03.2024 11:52