(NPK-NTB): Arbeidarpartiet får 24,8 prosent på ei ny partimåling frå Respons Analyse. MDG bergar raudgrønt fleirtal, mens Høgre ikkje ser teikn til betring.
Alle dagens stortingsparti – med unntak av Pasientfokus – er over sperregrensa på målinga som byrået har gjort for VG , Aftenposten og Bergens Tidende.
Arbeidarpartiets oppslutning på 24,8 prosent er eit fall på 3,2 prosentpoeng frå målinga frå 11. august. Dei er framleis størst på Stortinget med behageleg margin, men eit slikt resultat ville vore det nest verste for Arbeidarpartiet på 100 år. Berre katastrofevalet i 2001 (24,3) var verre.
MDG rykker derimot kraftig fram, frå 2,8 prosent til 4,4 prosent – og bergar dermed eit raudgrønt fleirtal på til saman 89 mot 80 representantar. For Raudt (6,4), SV (6,3) og Sp (7) er det berre snakk om mindre endringar.
Store endringar er det heller ikkje på borgarleg side: Frp rykker fram med 1,2 prosentpoeng til 21,9, mens Høgre (14,5), Venstre (5,3), KrF (4,3) alle ligg nokolunde likt som i førre meiningsmåling frå Respons Analyse.
Meiningsmålinga er tatt opp blant 1005 respondentar i perioden 13.–18. august. 818 av desse oppgav partipreferanse, og feilmargin for målinga samla sett er 3,1 prosentpoeng.
Oppslutninga til alle partia er som følger: Ap 24,8 (-3,2), Frp 21,9 (1,2), Høgre 14,5 (-0,6), Sp 7 (-0,1), Raudt 6,4 (0,6), SV 6,3 (-0,8), MDG 4,4 (1,6), KrF 4,3 (-0,3), Andre 5,2 (1,5). Endringa er samanlikna med ei måling som kom ut 11. august.
(©NPK)
Publisert: 19.08.2025 18:26
Sist oppdatert: 19.08.2025 18:26





