Kort fortalt

Fall for papiravisene

10 prosent i papirlesinga.

20.09.2016
(NPK-NTB): Lesartala for papiravisene held fram å falle. Papirutgåvene når 51 prosent av befolkninga kvar dag. Til saman les 83 prosent dagleg norske medium på papir, nett og mobil.
Det viser ei undersøking som Mediebedriftenes Landsforening (MBL) la fram tysdag formiddag. Nordmenn over tolv år er omfatta.
Lesinga av papirutgåvene til avisene fell i same tempo som ved tidlegare rapporteringar, med ein samla tilbakegang på 10 prosent.
– Det er tøffe tider i bransjen, men tala viser at norsk journalistikk framleis står sterkt. Ikkje uventa held papirlesinga fram med å falle, men vi klarer å halde på lesarane digitalt gjennom satsinga på godt norsk innhald, seier administrerande direktør Randi S. Øgrey i MBL.
Aftenposten er den største papiravisa i Noreg og når ifølgje dei ferske tala 473.000 lesarar dagleg. Til saman når avisa 1,237 millionar lesarar på papir, nett og mobil. VG er det største mediehuset når ein slår saman lesing av alle publiseringsplattformene, med til saman 2,370 millionar lesarar.
Nettutgåvene til norske medium har ein vekst på knappe 4 prosent, medan lesinga av mobilutgåvene fell svakt med 0,7 prosent. (©NPK)

Publisert: 20.09.2016 11:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44