Kort fortalt

Fall i bustadprisane

Men stor auke hittil i år.

05.07.2021

Bustadprisane fall med 0,2 prosent i juni. Dei siste tolv månadene har prisane auka med 10,1 prosent.

Korrigert for sesongvariasjonar auka bustadprisane med 0,2 prosent i juni, viser tal frå Eiendom Norge. Det tok i gjennomsnitt 29 dagar å få selt ein bustad.

Bustadprisane i Noreg utvikla seg moderat i juni, noko som er normalt for månaden. Slik det ser ut no, nådde bustadprisane ein topp i mars etter den sterke oppgangen frå og med sommaren 2020, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Han ventar også ei moderat utvikling framover.

Etter ein kraftig prisvekst det siste året flata bustadprisane ut i vår. Dei siste månadene har prisane falle i Oslo, som før dette hadde hatt ein mykje sterkare vekst enn resten av landet.

Ekspertane meiner at effekten av rentekutta under koronapandemien i stor grad er teken ut. Det er venta ein renteauke i haust.

I juni vart det selt 11.698 bustader i Noreg, noko som er 5,5 prosent fleire enn i tilsvarande månad i 2020. Det vart lagt ut 11.848 bustader til sals i Noreg i juni, noko som er 7,9 prosent fleire enn i same månaden i fjor.

Publisert: 05.07.2021 11:37

Sist oppdatert: 05.07.2021 11:38

Mer om