Fall i sjømateksport-inntektene
Eksportverdien ned med to prosent i første halvår.
NPK-NTB: Noreg eksporterte sjømat for 1,6 milliardar kroner mindre i første halvår i år samanlikna med same periode i 2023. Fallande lakseprisar får delar av skulda.
Likevel var sjømateksporten i første halvår i år verd 80,6 milliardar kroner, som er nest beste nokon gong. Det er 2 prosent lågare enn året før, men første halvår i 2023 var likevel det beste nokosinne, skriv Noregs sjømatråd i ei pressemelding.
Administrerande direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd seier at det i stor grad er fallande lakseprisar som gjer at verdiveksten stansar.
– Ei svak norsk krone og høge prisar på torsk og laks løfta verdien dei fem første månadene i år, seier han i pressmeldinga.
Publisert: 03.07.2024 07:32
Sist oppdatert: 03.07.2024 07:32