Kort fortalt

Fallande sal for Tine

Varslar nedleggingar og færre tilsette.

14.02.2019
NPK-NTB: Tine slit med fallande sal og svak inntektsvekst på fleire område. No må selskapet redusere både talet på produksjonsanlegg og tilsette.
Driftsresultatet til Tine enda på 269 millionar kroner i tredje tertial i fjor, ned frå 356 millionar kroner i same periode året før. Resultat før skatt enda på 229 millionar kroner, mot 309 millionar kroner året før.
Årsresultata er så å seie uendra frå 2017 når vi ser på 2018 under eitt.
Trass auka driftsinntekter samla sett, er det ein vedvarande volumnedgang i dei store meierikategoriane søtmjølk, yoghurt, fløyte og rømme som bekymrar styret. No har styret gitt nytilsett konsernsjef Gunnar Hovland beskjed om å snu utviklinga.
Tine har om lag 5.400 tilsette ved 31 produksjonsanlegg. Nokre av anlegga må vekk, ifølgje konsernsjefen.
– Kor mange vi endar opp med veit eg ikkje, men når vi ser oss tilbake om nokre år vil det vere færre, seier han til .
Ein ny strategiplan skal auke veksten og få ned kostnadene med fleire millionar kroner. Blant grepa som allereie er i ferd med å bli tatt, er effektivisering innan osteproduksjonen. Tine kan redusere dei årlege kostnadane betydeleg ved å samle kvitost- og spesialistproduksjonen på færre anlegg enn i dag. Etter planen skal styret gjere vedtak om framtidig produksjonsstruktur før sommaren.
– Eg har stor forståing for at mange av medarbeidarane våre no vil føle uvisse om framtidig jobb, men vi skal ta oss av kvar enkelt medarbeidar for å skape mest mogleg tryggleik og dette har vi gjort mange gonger før med godt resultat, seier Berg.

Publisert: 14.02.2019 08:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36